NRK Meny
Normal

Lustringar kuppa kinesisk innovasjonssenter

GAUPNE (NRK): Det var kinesarane som skulle få Avery Dennison NTP sitt innovasjonssenter. Heilt til lustringane kuppa planane.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

KUPPA: – Innovasjonssenteret skulle til Kina, men vi kuppa planane og fekk det lagt til Luster, fortel dagleg leiar i Avery Dennison NTP, Tom Dyrdal.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Landets leiande leverandør av etikettar og merkesystem for tekstil og konfeksjon har både fotballklubben Barcelona og Formel 1-teamet til McLaren på kundelista.

Avery Dennison NTP i Gaupne

MANGE: Det er dei mange norske kundane som gjer mengda for Avery Dennison NTP i Gaupne, men så har dei også mange store aktørar i kunderegisteret.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

No skal dei i endå større grad også drive innovasjonsarbeid.

– Det er ei fullverdig trykkelinje som berre skal drive med innovasjon, der vi tek nye fargar, nye limar og testar ulike materielle og teknologiske endringar i sitt eige miljø, seier dagleg leiar Tom Dyrdal.

Kuppa kinesarane

Men det var på ingen måte gitt at innovasjonssenteret dei allereie er godt i gang med å stable på beina, skulle hamne i Gaupne. Innovasjonssenteret skulle eigentleg til Kina.

I tillegg blir det eitt innovasjonssenter i USA. Dyrdal vedgår at det var litt stas å lukkast med jobben om å få eit innovasjonssenter i Gaupne.

– Det er ikkje naturleg. Vi har dei største fabrikkane i Kina og Honduras, og normalt sett vil eit utviklingssenter eller innovasjonssenter ligge tett på dei marknadane. Men på grunn av den kompetansen og historia vi har, så fekk vi det til, seier Dyrdal.

Sikrar arbeidsplassar

Verksemda starta i oktober arbeidet med å innreie lokale til innovasjonssenteret. Nye veggar skal opp, teknisk installasjonar på plass og nytt golv og tak leggast. Dyrdal ventar at maskinene skal vere på plass i slutten av november.

Avery Dennison NTP

UTVIKLING: Avery Dennison NTP i Luster er i full gang med å byggje lokala til innovasjonssenteret.

Foto: Avery Dennison NTP

Etter planen opnar senteret før jul.

– Det viktigaste er at vi sikrar arbeidsplassane innan kjemi og produktutvikling som er i Gaupne. Forhåpentlegvis kortar tida det også frå vi får ein ide til produktet er på marknaden, seier Dyrdal.

Fleire tilsette

Han ventar også at senteret vil opne for fleire nye arbeidsplassar enn dei fem stillingane som no er ledige.

Verksemda har i dag 130 tilsette og fekk i fjor eit resultat på 9,1 millionar kroner før skatt.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

NØGD: Dagleg leiar Tom Dyrdal seier Avery Dennison NTP er i årleg vekst, og trur dei nye sentera i Gaupne vil gjere verksemda endå større og betre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– No har vi berre to kjemikarar. Skal utviklingslaboratoriet bli fullt, så treng vi fleire på det området. Eg trur også at vi har gode moglegheiter for vekst her i Gaupne. Så fleire i produksjon og stab trur eg vil vere naudsynt, seier Dyrdal.

Vil bli meir kjende

Verksemda har også starta arbeidet med å rekruttere unge til yrket serigrafi, som er fagretninga ein tek for å bli trykkar.

– Vi opplever at elevar, lærarar, studierettleiarar og opplæringskontor veit lite om dette. Saman med Luster kommune og opplæringskontoret, byggjer vi vårt eige serigrafisenter, seier Dyrdal og avsluttar:

– Her vil vi inviterer elevar, lærarar og studentar for å lære meir om produktet, fagretninga og karrieren dei kan ha hos oss.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.