Hopp til innhold

Lokalt lammekjøt på kongens bord

Kongehuset diska opp med lammekjøt frå Sogn og Fjordane og jordskokk frå Akershus då stortingsrepresentantane kom på middagsbesøk torsdag.

Det norske slott

SENTRALT: Tor Bremer fortel middagen var eit sentralt diskusjonstema under Stortingsmiddagen på Slottet torsdag.

Foto: Grøtt, Vegard / Scanpix

Det får NRK stadfesta hos kommunikasjonsavdelinga ved Kongehuset.

Tor Bremer, stortingsrepresentant for Ap, vedgår det smakte særskilt godt med å få kjøt frå heimlege trakter under den årlege Stortingsmiddagen.

Tor Bremer

SMAKFULLT: Tor Bremer og stortingsrepresentantane hadde ein betre stortningsmiddag på Kongehuset torsdag.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Middagen på slottet smakar alltid godt, men når du veit kvar maten kjem frå, så smakte det endå betre. Det skapte ein ekstra dimensjon til måltide å vite at maten kom frå nettopp Sogn og Fjordane, humrar Tor Bremer etter torsdagens Stortingsmiddag på slottet.

– Morosamt

Kongen, Dronninga og Kronprinsen kunne også meske seg med lammekjøtet, saman med stortingsrepresentantane.

Også Nortura stadfestar at dei leverte lammekjøt frå fleire produsentar i fylket til det som truleg er den mest prestisjefylde middagen i Norge.

Frå Nortura-anlegget i Førde vart det mellom anna sendt lammekarre, brissel, lammetunge, lammenyre og lammebryst utan bein til Kongehuset.

– Vi skulle gjerne ropt dette litt høgare, for det må vere morosamt for bonden å vite at Kongen og dei sit og et kjøt som han har levert. Diverre er det ikkje slik at vi kan sende bonden ei tekstmelding kvar gong hans kjøt blir sendt til kongefamilien, seier informasjonssjef Eli Strand.

Ettertrakta kjøt

Eli Strand

FORTENT: – Vi har mange flotte produsentar i Nortura, fortel informasjonssjef i Nortura, Eli Strand.

Foto: Pressebilde, Nortura

Ho trur det er tilfeldig at lammekjøt frå trivselsfylket var det som til slutt metta magane til både kongelege og politikarar torsdag.

– Det rår nok litt på tilfelle, men norsk lam er i verdsklasse og blir ofte brukt i samband med store tilstellingar. Også storfekam frå Sunnfjord er ein delikatesse som eg er sikker på mange finfolk har ete, seier Strand.

Mange uvitande bønder

Strand trur også det er mange bønder i Sogn og Fjordane, som er lukkeleg uvitande om at kjøt frå nettopp deira gardar har blitt servert på Kongehuset.

– Vi leverer ein god del råvarer til slottet, både til offisielle middagar og til kongefamilien. Vi tykkjer det er veldig morosamt å bidra med vårt på slike tilstellingar, seier ho.