Hopp til innhold

Linefiskarane tener godt etter mange magre år

Etter mange år med elendige prisar kan linefiskarane endeleg gle seg over gode inntekter.

Banklinebåten Atlantic

FÅR BETRE BETALT: Atlantic Seafish eig banklinebåten «Atlantic». No tener selskapet pengar på fisken dei leverer.

Foto: Trond Refsnes / Atlantic Seafish

Det siste året har prisane på torsk og hyse auka kraftig, noko som gjer at den viktige banklineflåten får eit heilt nødvendig oppsving.

Fiskebåtreiar Kåre Furnes i Atlantic Seafish er optimist.

Kåre Furnes

OPTIMIST: Fiskebåtreiar Kåre Furnes.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Dette trengde vi. Det var det som måtte til for å få trua på at vi har ei framtid i fiskerinæringa. Framleis er fisk billeg, så det bør vere meir å gå på, men vi er nøgde.

Auke på mellom fem og ti kroner

Fiskebåtreiaren i Måløy gler seg over at marknaden no byr opp prisen på norsk torsk og hyse. Furnes trur det er endå meir å gå på sjølv om dei no står midt i ein etterlengta prisvekst.

Etter fleire dårlege år prismessig har fiskekjøparane auka betalingsviljen. Enkelte sorteringar har ein oppgang på mellom fem og ti kroner kiloen.

Slike oppturar gir store utslag når Atlantic Seafish åleine teoretisk kan fange fem millionar kilo rund fisk i år, mesteparten torsk, men også ein del hyse.

– Vi har hatt veldig mange år med dårlege prisar, og no har vi hatt ei fin gliding oppover. Det vi opplever denne hausten er meir i den gata vi meiner vi må ligge.

Jarl Magne Silden

PÅ NORDKAPPBANKEN: Jarl-Magne Silden.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Har litt igjen for hardt arbeid

Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl-Magne Silden, er sjølv linefiskar. Silden er om bord i linebåten Veststeinen, som no ligg langt aust på Nordkappbanken og fiskar torsk og hyse til gode prisar.

– Det er alltid artig å vere på sjøen, men det er meir moro når vi ser at prisane er i ferd med å kome opp på eit akseptabelt nivå. Kvantuma er også gode, så vi ser at vi har litt igjen for det harde arbeidet mannskapet legg ned.

– For det har vore nokre skrale år?

– Det har vore heilt marginalt det vi har styrt med dei siste åra. Det har faktisk vore kvantumet og effektiviseringa vi har gjort som har ført til at det i det heile har gått an å drive.

– Kva trur du er årsaka til at prisane har auka?

– Det er nok det at medan det har vore billeg så har vi fått selt oss inn på ein del marknader vi ikkje hadde før. Dermed er suget og etterspurnaden mykje større i marknaden.