Hopp til innhold

Fekk nei frå det offentlege - organisasjonen har samla inn nærare 70.000 kroner

Foreininga for etterlatne etter sjølvmord i Sogn og Fjordane har fått inn mellom 60.000 og 70.000 kroner. Dei vil bruke pengane på å sikre vidare drift av sorggruppene, samt førebyggjande tiltak.

Nils-Petter Hauge

LEVE VIDARE: Nils Petter Hauge, styremedlem i LEVE i Sogn og Fjordane trur folk vil bidra om dei berre veit korleis.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkesmannen ville ikkje gje foreininga for etterlatne etter sjølvmord (LEVE) dei 15.000 kronene dei trengde for å drive sorggrupper.

Foreininga har no fått 60.000 kroner frå Septik 24/ Miljøservice, skriv Fjordingen. Avisa skriv at avtala gir fylkeslaget 20.000 kroner årleg i avtaleperioden.

Omfattande innsamlingsaksjon

Nils Petter Hauge, styremedlem i LEVE i Sogn og Fjordane, fortel at vedtaket frå Fylkesmannen utløyste ein spontan innsamlingsaksjon der både privatpersonar, organisasjonar og bedrifter har bidrege med midlar.

– No har det blitt samla inn mellom 60.000 og 70.000 kroner, noko som gjer at vi kan starte opp to sorggrupper til hausten, og vi har planar om å setje i verk fleire førebyggjande aktivitetar til neste år, seier han.

Hauge peikar på at all merksemda har ført til at organisasjonen har blitt meir synleg den siste tida, og at fleire er positive til å støtte organisasjonen.

– Det er ikkje lett å selje eit slikt tema som LEVE har fokus på, så det at temaet blir sett på agendaen har ei viktig verknad på feltet, fortel fylkesstyremedlemmen.

Organisasjonen LEVE vart etablert i 1999 og er ein frivillig organisasjon som har som mål å sikre omsorg og støtte til etterlatne ved sjølvmord, samt førebyggje og redusere talet på sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

– Folk ønskjer å bidra

Hauge fortel at merksemda saka har fått har ført til at organisasjonen har teke imot utruleg mange sympati- og støtteerklæringar. Vidare seier han at hendingane har gjort sitt til at foreininga har fått eit tettare samarbeid med organisasjonar som jobbar opp mot det same temaet.

– Heile situasjonen viser at dei fleste vil bidra, berre ein veit korleis, fortel han.

Hauge håpar at nasjonen no tek innover seg at ein har eit samfunnsproblem, og håpar ein kan ta fatt i utfordringar i respekt for enkeltindivida som ikkje opplever livet like glansfullt.

– Den flotte medaljen som Noreg er å bu i har også ei anna side som vi må ta på alvor, seier han.