Hopp til innhold

Kvinne mista stien i Aurland – måtte få hjelp

Det vart seint laurdag kveld leita etter ei kvinne i 50-åra som hadde gått seg vill i Aurlandsdalen.

aurlandsdalen

Kvinna i 50-åra vart meldt sakna i 2015-tida etter ein tur i Aurlandsdalen. Det vart sett i gang søk med luftambulanse, Røde Kors og andre frivillige.

I 21.25-tida fekk mannskap kontakt med kvinna, som vart funnen i god behald.

– Ho hadde ikkje bruk for legetilsyn, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenke Hope.