NRK Meny
Normal

Lei av kjeft og negative kommentarar

Verneombodet på batteriferja Ampere slår alarm om arbeidsmiljøet til matrosane på grunn av hets og utskjelling frå trafikantane.

"Ampere"

STARTPROBLEM: Batteriferja Ampere hadde ein god del vanskar med ladinga i innkøyringsfasen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I ei bekymringsmelding til leiinga i Norled skriv verneombodet at dei på kvar einaste tur får negative kommentarar om ferje, reiarlag og drifta av sambandet.

Hadde eit forsøk på å telje antall negative kommentarar og utskjellingsepisoar, men gav opp etter 150 stk på ein vanleg kvardag. Eit anna forsøk enda med at 12 av 15 sjåførar hadde ein eller annan form for bemerkning rundt ferja eller drifta av sambandet for øvrig.

I tida etter at Ampere vart sett i drift var det mange turar som vart innstilte på grunn av ladeproblem. Regionsjef Inge André Utåker i Norled seier at drifta av batteriferja no har stabilisert seg på eit godt nivå.

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

- URETTFERDIG: Regionsjef Inge Andrè Utåker i Norled meiner folk bør slutte å skjelle ut matrosane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Dei siste stansane vi har hatt har ikkje nødvendigvis hatt noko med batteridrifta å gjere, men har vore vanlege «ferjeproblem». som hydraulikk, brannpumper og tørkepapir i toalettanlegget.

I juni vart 99,6 prosent av turane mellom Lavik og Oppedal utført etter rutetabellen, i første halvår var det 94,4 prosent av turane som gjekk som dei skulle.

Han forstår godt at mannskapet blir frustrerte når dei stadig må ta imot kjeft og negative kommentarar.

– Matrosane som tek mot den daglege kritikken på dekk er heilt uskuldige i dei problema som vi hadde då ferja vart sett «nølande» i drift. Dei reisande rettar bakar for smed, seier Utåker.

Han meiner media har krisemaksimert problema til Ampere, og at det har vore medverkande til at matrosane har fått eit så krevjande arbeidsmiljø.

Verneombodet skriv at dei av og til opplever til dels rein sjikane og innimellom reine truslar frå misnøgde passasjerar.

Resultatet av dette blir eit utfordrande arbeidsmiljø på dekk. Det er ikkje for å få kjeft frå bilistar og passasjerar vi blei matrosar på ei ferje. Stort sett likar vi oss på jobb, men det er ikkje greitt å oppleve den mengde med utskjelling og negative kommentarar som vi har opplevd sidan batteriferja skulle, og blei sett inn i drift.

Kjeft for køsniking

I tillegg har mange bilistar hissa seg opp over sniking i køen. Det skjer særleg på Lavik-sida. Verneombodet skriv at det er vanskeleg for matrosane som dirigerer bilane ombord å gjere noko for å hindre sniking. Men det er dei som får kjeft.

Vegopning på Bergum i Førde kommune