Hopp til innhold

Lege henta av væpna politi

Tidlegare kommunelege i Gloppen og Fjaler, Jan Øren, er sjokkert etter at han i førre veke vart pågripen av væpna politi i helikopter.

Jan Norvald Øren

TATT MED TIL LEGE: Væpna politi tok lege Jan Øren med til legeundersøking. Der vart han erklært frisk. Biletet er tatt då Øren jobba i Bergen og fekk kritikk for å ha gått på rockekonsert, i staden for på vakt.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Aksjonen fann stad i Rødøy i Nordland, der Øren jobba som lege, skriv VG Nett.

Væpna politi kom i redningshelikopter, arresterte Øren og tok han med til psykiatrisk legesjekk. Han vart undersøkt av lege og erklært frisk, skriv avisa

For Øren sjølv er det uklart kva som er bakgrunnen for aksjonen.

Krev svar

– Eg blei «pågripen» av politiet mens eg sat fredeleg og åt middag, påført handjern og transportert av fem politimenn med maskinpistolar til lege som meinte eg var helt frisk. Eg opplever hendinga som eit kraftig overgrep. Det er også eit overgrep at eg ikkje får vite kvifor dette skjedde, seier Øren til VG.

Politiet: – Helsesak

Salten politidistrikt opplyser til avisa at det dreier seg om ei helsesak, der politiet vart bedne om å framstille ein person for lege.

– Informasjonen som operasjonsleiar tok imot var dramatisk, og kom frå truverdige personar, uttaler politimeister Geir Ove Heir til avisa.

Omstridd

Jan Øren har tidlegare jobba som lege både i Fjaler og Gloppen. I si tid som lege i Sogn og Fjordane dreiv Øren med omstridde jordstrålingsmålingar, som i ettertid synte seg å ikkje ha effekt.

Øren kom også i hardt vêr då han som tilsett på Bergen Legevakt droppa ei vakt for å gå på Iron Maiden-konsert. Legen fekk i media tilnamnet «Rockelegen».