Lagra store mengder masse ulovleg

Ved verftet i Førde har 20.000 kubikkmeter med grus og stein blitt lagra utan at ein har hatt løyve til det, det skriv Firda i dag. Avisa skriv at lagringa av massen har vore tenkt mellombels, men likevel protesterer både Førde kommune og fylkesmannen på framferda.– Mellomlagring av fyllmassar er uheldig både på grunn av natur- og miljøomsyn, seier plan- og byggesjef Odd Harry Strømsli i Førde kommune.

Ankerløkken verft (Kværner/Kleven) i Førde
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK