Hopp til innhold

Kvinne send til sjukehus med luftambulanse

Ei kvinne i 40-åra er frakta til Førde sentralsjukehus etter at ho køyrde utfor i ei elv på E39 i Jølster fredag føremiddag.

Bil i elv Skei-Klakegg

HAMNA I ELVA: Bilen skar utfor vegen og vart liggande i Grungeelva.

Foto: Jølster brannvesen

Alle naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke på E39 mellom Klakegg og Skei i Jølster, der ein bil i nitida køyrde i ei elv.

Ulukka har skjedd ved avkøyrsla til Førde ved Breimsvatnet, der E39 kryssar Grungeelva. Operasjonsleiar Kai Henning Myklebust i politiet seier at dei fekk melding frå andre trafikantar.

– Personen i bilen er no teken ut av bilen av brannmannskap og teken hand om av helsepersonell. Vi har ikkje opplysingar om at det skal vere fleire i bilen.

– Korleis har det gått med den som var i bilen?

– Vedkomande skal vere medviten, elles har vi ikkje opplysingar utover det. Det var ikkje fare for drukning, for vatnet stod ikkje så høgt oppe på bilen.

Bilen vart ståande på hjula med vatnet opp på dørene. Hadde han blitt liggande på taket, kunne det ha gått verre med føraren.

Det var ei kvinne i 40-åra som køyrde bilen. Ho er no send med ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Myklebust seier dei førebels ikkje veit korleis ulukka skjedde.

Vegen er open. Bilen kjem ikkje til å bli teken opp frå elva før laurdag, opplyser politiet.

Trafikkulukke ved Grungen