Av Marit Bendz, kulturmeldar NRK Sogn og Fjordane
Og sjølv om eg ikkje alltid forstår tekstane hans, fekk eg veldig lyst til besøke han på kjøkenet, der det svever ei lita raud sky - det må vere eit magisk kjøken. Eller kanskje vi alle har eit magisk kjøken med ei raud sky, berre vi ser godt nok etter.
Nye spirer i Nynorskens skog
I samband med at Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år i år, vart det utlyst ein skrivekonkurranse for ungdom i to kategoriar; dikt og novelle. Til saman seks unge prisvinnarar vart presenterte fredagskvelden. Særleg to av dei imponerte meg; Linda Marie Kirketeig frå Dale, som fekk førstepremien for novella «Bak gardiner» - ein veldig ubehageleg tekst som set seg i ryggmargen. HO håper eg verkeleg vi får høyre meir ifrå.
Astrid Underlid frå Naustdal fekk førstepremie for diktet «Fire spor» og tredjepremie for novella «Varm vreide». Så her er ei talentfull og underfundig jente som beherskar fleire sjangrar. Merk dykk dei to namna. Dei beste tekstane kjem forresten ut i bokform om ikkje så brått.
Terror og ekstremisme
Av og til kolliderer to arrangement. Til dømes hadde eg tenkt å få med meg Ove Eide, som alltid er ein fryd å høyre på, presentere den litterære fylkestoppen. Eg skulle berre nett innom forfattaren Kristian Bjørkelo først. Han er halvt nordfjording og i ferd med å sluttføre ei debattbok for ungdom, med det særs aktuelle temaet ekstremisme og terrorisme. Han har sjølv vore svært langt ute på den politiske venstresida, men har og budd ein periode i eit italiensk fascistkollektiv. Og der vart eg sittande - og høyre om religiøse fanatikarar, ekstreme kommunistar og fascistar som vil endre verda, men kva når dei går for langt? Og kva er for langt? Kor går grensa? Kva er akseptabelt når det gjeld bruk av vald, til dømes? Den franske revolusjon var eit blodbad. Kor ille må eit samfunn vere for at ein kan akseptere vald for å endre det?
Raus, levande og folkeleg
Ja, folkeleg til dei grader. Den lokale bunadsdama som trengte seg inn og opna arrangementet fredag kunne ha vore hylande morosam dersom regien hadde vore strammare. Det vart litt platt. Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten representerer heller ikkje akkurat finkultur. Folk i Aurland kjem for å høyre Geirr Lystrup synge for ungane, og for å le av Åsleik Engmark. Men det var god plass til fleire på bokbada og debattane.
Språk; ressurs og kaos
Vi fekk ein fin samtale mellom fire nasjonalitetar, alle representerte i boka «Det fleirspråklege Noreg». Den synleggjorde kor viktig morsmålet er for identiteten, kor lett mistydingar oppstår og kor vrangt det kan bli når ungane dine tileignar seg eit anna morsmål enn ditt eige.
Språkforskar Øystein Vangsnes følgde opp med forsking på barn som veks opp med to språk. Og det er ingen tvil; desse ungane blir kjappare i hovudet, dei lærer seg fortare å forstå verda, å svitsje mellom ulike oppgåver - i tillegg til at det sjølvsagt er ein kjempestyrke å kunne to språk og dei har lettare for å lære enda fleire språk seinare.
Så - dei som har sjansen til å lære ungar to språk frå fødselen - gjer det! Gjerne tre språk. Russisk mamma, iransk pappa, norsk barnehage - køyr på, det går kjempefint.
PP-sjuka og kjemien
PowerPoint er eit glimrande verktøy å bruke som supplement, til å illustrere og levandegjere tema ein snakkar om. Men det er fullstendig unyttig for lange tekstar, punkt for punkt, mens foredragshaldaren ramsar opp ordrett dei same punkta. Det er slett formidling. Og særleg når den som snakkar faktisk fortel veldig godt i fri dressur, når han tek auga vekk frå desse punkta sine .
Det var mange gode samtalar om litteratur, men: Det er ikkje sjølvsagt at alle forfattarar er gode munnleg fordi om dei skriv godt. Det krev ein ekstra innsats av dei som skal intervjue dei, og ikkje alle bokbadarane var godt nok førebudde Tema som i utgangspunktet kunne vore interessante vart rett og slett keisame – dei naturlege oppfølgingsspørsmåla kom ikkje og kjemien stemte ikkje på podiet.
Framtida til nynorske litteraturdagar
Dette er den 8. gongen nynorske litteraturdagar vert arrangert under stø leiing av primus motor Arve Tokvam. Til no har dette vore prosjektet til Aurland kommune. Men no meiner kommunen at litteraturdagane kan stå på eigne bein. Samstundes har Tokvam gått over i fast jobb i Lærdal og heile prosjektgruppa gjer seg. Nynorske litteraturdagar er no «fri» og det kan vere sunt med fornying. Men klare dei å finne ei ny, fornuftig organisering og ikkje minst; finne ei drivkraft med stort personleg engasjement som kan ta denne festivalen vidare?
samstundes.
Det vart sagt; jo da, det BLIR nynorske litteraturdagar neste år også, og det håper eg. For skal vi ha noko slikt i Sogn og Fjordane må det vere i Flåm.
Tog og fjell er poesi
Ei togreise er utan tvil den mest poetiske av alle reisemåtar. Dei som kjem sørfrå og austfrå kan altså ta toget til Flåm i Sogn og Fjordane og ha tilgang til hotell, møteplassar og alle arenaer innafor kort gangavstand. Ikkje mange andre småplassar i fylket har dei lokala som trengst så tett.
Ein blir lett litt lyrisk sjølv av så mykje litteratur i slik natur. Eg stod i skumringa laurdagskvelden og kika opp på dei svære fjella og tenkte; dersom ein flyttar Manhattan til Flåm, vil skyskraparane bli veldig små da? Det er slikt ein brått byrjar å gruble over på nynorske litteraturdagar i Aurland.