Hopp til innhold

Kritiske til heliskiing

–Helskiing kan øydelegge meir enn det kan bidra med for reiselivet. Det seier Ola Einang i Norske Tindevegledere.

Heliskiing i Alpene

VIL IKKJE OPNE FOR DETTE I NORGE: Dette biletet er frå Cervinia i Italia. Gjengen blei teken med opp til 3300 meters høgde og sett av på fjelltoppen. No ønskjer Fjord Helikopter eit slikt tilbod i Sogn og Fjordane.

Foto: Gøran Bohlin / VG

I dag er det forbode med Heliskiing i Norge, men stadig fleire ynskjer å kunne frakte skikøyrar med helikopter til elles uttilgjenglege fjell eller isbrear. Også i Sogn og Fjordane.

Ola Einang

IMOT HELISKIING: Ola Einang, Norske Tindevegledere

Foto: privat

– Tilbakemeldingane vi får er at dei som kjem hit, gjer det fordi dei søker stilla og urrørt natur, seier Einang. Dei som ynskjer noko anna har meir enn nok av tilbod nedover i Europa med store utbygde skianlegg og heliskiing.

Einang seier at dei kan forstå at heliskiing kan vere eit tilbod på vestkysten av Alaska eller på Kamtsjatka. I dei mest attraktive skifjell-områda på Vestlandet og i Nord- Norge er dalane tronge og avstandane mellom toppane kort.

– Det gjer at helikoptertrafikk til nokre få toppar vil ha stor innverknad på eit større område og forringe turopplevinga for mange.

Søker om løyve til heliskiing

Asbjørn Nes

SØKER OM HELISKIING: Asbjørn Nes, Fjord Helikopter

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Her i fylket har Asbjørn Nes og selskapet Fjord Helikopter søkt om løyve. Målet er å lokke fleire skituristar til fjordfylket om vinteren. Nes var sundag kveld oppteken i møter og ikkje tilgjengleg for kommentarar.

Nes har tidlegare sag at han set si lit til den nye regjeringa

– Det nye regimet har heilt klart signalisert at dei vil sjå på delar av motorferdsellova og mjuka den opp, seier han.


Seier tilbodet er etterlengta

Dei søkjer om å få starte opp heliskiing frå fire fjelltoppar i Sogn og fire i Nordfjord.

– Vi har ikkje sett opp spesifikke fjelltoppar i søknaden, men dette skal vi komme tilbake når vi har fått ein dialog med miljøvernministeren. Vi skal også diskutere det med dei forskjellige kommunane og ekstremsportmiljøet i fylket.

Nes seier eit slikt tilbod er etterlengta og at dei får mange spørsmål om dette.

– Ja, det er mange som spør og vi må alltid seie nei fordi det er forbode.