NRK Meny
Normal

Kritisk til møteplass-veg på Olden-Innvik

– Det er å gå med «ræva» inn i framtida å byggje smalare veg mellom Olden og Innvik, seier Høgre-ordførar Sven Flo i Stryn.

Sven Flo

Ordførar Sven Flo i Stryn slaktar fylkesrådmannen sitt framlegg om redusert vegutbygging mellom Olden og Innvik.

Foto: Bård Siem / NRK

Smalare veg med møteplassar, trongare tunnel og ingen gang- og sykkelveg. Dette kan bli løysinga for det 5,3 kilometer lang vegstrekket som skal rustast opp på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Bakgrunnen for forslaget frå fylkesrådmannen er eit sparekrav på nærare 225 millionar kroner. Den reduserte opprustinga som fylkesrådmannen legg opp til, er kostnadsrekna 264 millionar kroner. Dette er 123 millionar kroner billegare enn opphavleg tenkt.

Provosert ordførar

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), har på si side ingen sans for forslaget.

– Å byggje smale vegar med møteplassar var noko ein gjorde på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Denne løysinga er å gå med «ræva» inn i framtida, seier Flo.

Men no har regjeringa vedteke indre line med tunnel under Utvikfjellet og bru over Nordfjorden. Er det ikkje sett i dette lyset forståeleg at standarden på vegen mellom Olden og Innvik ikkje treng å vere så høg?

– Dette er ein fylkesveg. E39 er ei hovudfartsåre og Olden-Innvik er også ein tilførselsveg til framtidige E39. Det skal framleis vere trafikk på vegen og trykkleiken skal prioriterast. Det gjer ein ikkje ved å ha smale tunnelar og etablere møteplassar på vegen, seier han.

Likar ikkje

Jenny Følling frå Senterpartiet har i avisa Firda signalisert at ho kan tenkje seg ei redusert utbygging Olden-Innvik. Høgre og Frp i fylket er i tenkjeboksen. Kva er din kommentar til det?

– Det synest ikkje eg noko om. Vi skal jobbe målretta for å få ein god dialog med fylkespolitikarane i tida framover. Vi håper dei tek ei framtidsretta avgjerd for Olden-Innvik.

– Fylkeskommunen slit med svært anstrengt økonomi. Kvar skal pengane hentast frå?

Infrastruktur er noko av det viktigaste vi bør ha fokus på i tida framover. Det er snakk om å gjere dei rette prioriteringane, seier Flo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.