Krf'ar vil kutte trusparagrafen

Fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik, trur tida er moden for at partiet kvittar seg med vedkjenningparagrafen.

Trude Brosvik
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Krf er det einaste partiet der ein må vedkjenne seg kristendomen for å få lov til å ha tillitsverv.

- Mi personlege meining er at ein ikkje skal ha ein vedkjenningsparagraf i eit demokratisk parti. Ein skal ha ein sterk lojalitetsparagraf i høve til verdigrunnlaget og partiprogrammet, seier fylkesleiar i Krf, Trude Brosvik.

- Har fått tenkt

Andre nestleiar Inger Lise Hansen sende sjokkbølgjer gjennom partiet i eit intervju med Aftenposten. Der sa ho ja til borgarleg vigsel av homofile, polutsal i kvar kommune, og tok til orde for å fjerne trusparagrafen.

- Vi var i starten på ein strategiprosess og så kom dette bombastisk frå ein av leiarane og det likte eg ikkje. No har det gått ei veke og ein har fått tenkt litt. No trur eg Krf er inne i ein veldig positiv og god debatt, seier Brosvik.

- Ikkje kyrkjelyd

Brosvik er ein av ni medlemar i strategiutvalet som skal stake ut vegen vidare for eit Krf i kraftig motgang. Oppslutninga minskar, medan medlemene internt er usamde om vegen vidare.

- Eg ser alle kommentatorane har lyst til å plassere Krf meir som ein kyrkjelyd og ikkje som eit parti. Difor må vi rydde opp internt og eksternt - Krf er eit politisk parti, seier Brosvik.

- Høyrer ikkje heime

Sidan Hansen gjekk frå talarstolen har ho fått tole mykje pepar frå sine eigne. Men ho har også fått støtte frå mange som meiner at Krf må fornye seg.

- Det blir i alt for stor grad nytta argument som høyrer heime i ein kyrkjelyd eller på bedehuset eller i ein pinsemenigheit. Og reaksjonar som har kome mot Inger Lise, der ein på ein måte "skal be for deg" eller "du må bli kristen", høyrer sjølvsagt ikkje heime i eit politisk parti, seier Brosvik.