Hopp til innhold

Krev fem års fengsel for dopselgar

Påtalemakta vil krevje inndraging av ein million kroner og legge ned påstand på fem års fengsel, for hovudmannen i den store dopsaka i Sunnfjord.

Onsdag må ein 26-åring frå Sunnfjord møte i Bergen tingrett, som hovudmann i den store dop- og narkotikasaka som vart rulla opp i 2007 og 2008 i Sunnfjord.

Fem års fengsel

Politiadvokat Lisa Førde Refsnes vil ikkje kommentere saka før den har vore oppe i tingretten, men ifølgje BT er kravet fem års fengsel og inndraging av ein million kroner.

- Staten skal inndra det dei kriminelle tener, seier ho på generelt grunnlag til avisa. Heller ikkje forsvararen til mannen, Jørgen Riple, vil kommentere saka ovanfor avisa.

Har erkjent alt

Den sikta har erkjent alt og saka går difor som tilståingssak. Mannen skal ha dsitribuert narkotika og legemidlar over nett. Ifølgje politiet skal mannen ha tent store pengar på den ulovlege verksemda.

Mannen hadde også gode hjelparar som både blanda doser av giftig lauspulver, og som sende pakkane gjennom posten. Ifølgje avisa meiner politiet at det viktigaste for 26-åringen var å tene pengar.