Hopp til innhold

To skadde etter krangel på asylmottak

To personar barka seint fredag kveld saman på asylmottaket på Bergum i Førde. Etter ein sjekk på sjukehuset fekk dei overnatte i arresten.

Førde asylmottak på Bergum

KRANGEL: To personar har fått skader i eit basketak på asylmottaket i Førde (Arkivbilete).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Politiet fekk melding om bråk ved asylmottaket i 21.20-tida fredag kveld. Politiet og to ambulansar vart sende til staden, opplyste politiet sin operasjonssentral.

– Ein persona var medvitslaus då ambulansen frakta han til sjukehus, opplyste operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ole Tom Nord til NRK.no fredag kveld.

Den andre personen vart også frakta til sjukehus med lettare skader.

Førebels veit ikkje politiet kva som var årsaka til slåstkampen mellom dei to.

Politiet opplyser tidleg laurdag morgon at begge dei to personane fekk overnatte i arresten etter at dei hadde fått legetilsyn på sjukehuset. Begge er sikta for lekamsskading og vil bli avhøyrde i løpet av laurdagen.

Etter det politiet veit er det ikkje noko som tyder på at dei har fått betydelege skader.

Fredag kveld avhøyrde politiet vitne på staden.