Hopp til innhold

Vogntogsjåfør med 2,56 i promille nær å krasje med buss

Med faretruande 2,56 i promille køyrde mannen frå Hedmark vogntoget sitt i fylla og heldt på å kollidere med ein buss i Grasdaltunnelen på veg ned frå Strynefjellet.

Strynefjellsvegskilt i Oppstryn

FARLEG KØYRING: Vogntogsjåføren enda ferda si i Hjelledalen i Stryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Natt til tysdag 27. mai i fjor fekk politiet melding om eit vogntog som hadde trilla av vegen ved Statoil i Hjelledalen i Stryn. Meldar opplyste til politiet at føraren anten måtte ha vore full eller ha fått eit anfall.

Men full var utan tvil rett konklusjon. Inne i førarhuset på trekkvogna fann politiet sjåføren, og han «stod fram som klart beruset», som det heiter i dommen frå Fjordane tingrett.

Klokka 02.56 om natta blei det teke blodprøve av mannen, og den synte altså 2,56 i promille. Inni bilen fann politiet tomgods, mellom anna fleire brennevinsflasker.

Før turen enda i grøfta i Hjelledalen, skapte sjåføren ein svært farleg situasjon då han køyrde nedover mot Stryn frå fjellet. Han la seg over i venstre felt, og svinga ikkje unna den møtande bussen før bussjåføren varsla med langlysa.

– Slik sjåføren opplevde situasjonen, kunne hendinga lett enda med samanstøyt, står det i dommen.

Retten meiner det er skjerpande at mannen promillekøyrde med vogntog, og at køyringa skjedde over ei lang strekning. Fjordane tingrett peikar også på at mannen ikkje vil gjennomføre eit såkalla promilleprogram.

– Retten meiner at dette vitnar om at tiltalte ikkje ser alvoret i saka, noko som også blir lagt vekt på i skjerpande retning, står det i dommen.

Mannen møtte ikkje i si eiga rettssak, men må no sone 30 dagar i fengsel, vere utan førarkort i tre og eit halvt år og betale ei bot på 10.000 kroner.