Hopp til innhold

Køyrde utan fartsskrivar

Under ein tungbilkontroll på Håbakken i Lærdal vart eit norsk vogntog stogga utan fartsskrivar i bilen. Føretaket er meld til politiet og føraren fekk ikkje køyre vidare. Ein norsk buss vart stogga utan forsikring. Eigaren av bussen måtte ordne dette før dei fekk køyre vidare. Ein polsk buss fekk teknisk mangel for oljelekkasje på motoren. Bussen fekk køyre til nærmaste verkstad. Det vart også stogga ein norsk varebil med overlast. Her måtte laste av før vidare køyring.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal
Foto: Rune Fossum / NRK