NRK Meny

Køyrde i 132 km/t med lastebil

Ein mann i slutten av 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til 36 timar samfunnsstraff for råkøyring med lastebil. I juli i fjor vart mannen stogga av politiet i Flora etter å ha køyrt i 132 kilometer i timen i ei 80-sone. Mannen må og klare seg åtte månader utan førarkort. Han må i tillegg betale 2000 kroner i sakskostnadar til det offentlege.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.