Hopp til innhold

Forbikøyring årsak til den tragiske ulukka i Våtedalen der tre menneske omkom

Ei forbikøyring er årsaka til den tragiske ulukka i på E39 i Våtedalen der tre menneske omkom 2. juledag.

Trafikkulukke i Våtedalen

TRE DØYDDE: Politiet meiner no at ei forbikøyring er årsaka til den tragiske ulukka i Våtedalen 2. juledag.

Foto: Runar Sandnes

I følgje ei pressemelding som Sogn og Fjordane politidistrikt sende ut måndag ettermiddag, konkluderer dei med at køyretøyet som køyrde nordover foretok ei forbikøyring like før ulukka.

– Denne bilen har ikkje kome seg inn att i høgre køyrefelt då kollisjonen inntraff med køyretøyet som køyrde sørover på E39.

Vitneavhøyr og årstadsgransking syner såleis at kollisjonen har skjedd i venstre køyrefelt sett nordover, heiter det i pressemeldinga frå politiet.

Skjedde i venstre felt

Politiet har gjort fleire avhøyr av personar som har sett sjølve ulukka, i tillegg har dei avhøyrd den 49 år gamle mannen som overlevde ulukka.

Han køyrde bilen som kom sørover frå Byrkjelo og kolliderte med bilen som hadde gjort forbikøyringa. Han vart innlagt på Førde sentralsjukehus saman med sin ni år gamle nevø. Mannen sine foreldre omkom.

– Politiet har teke avhøyr av vitne som har sett sjølve ulukka og kollisjonen i Våtedalen. Vi kan då med bakgrunn i vitneavhøyr og åstadsbefaring konkludere med at den kollisjonen har skjedd i venstre køyrefelt nordover, seier lensmann i Jølster, Knut Skurtveit til NRK.

Politiet er sikre

– Bilen som køyrde nordover har føreteke ei forbikøyring like før kollisjonen. Den har ikkje kome inn att i høgre køyrefelt, og kolliderte i venstre køyrefelt med sørgåande bil, sler lensmannen fast.

– Kor sikre er de på at det er dette som har skjedd?

– Det er eintydig når det gjeld vitneforklaringar og avhøyr av sjåføren i den sørgåande bilen, seier Skurtveit.

Anders Jakob Raad (73) og Solveig Oddny Raad (75) fra Gloppen omkom i frontkollisjonen, da dei var på veg sørover på E39. Arvid Flølo (43) fra Jølster omkom også. Han var på veg nordover på E39.