Hopp til innhold

Køyrde for fort utan lappen

Ein mann i 30-åra busett i Sogn har fått 15.000 kroner i bot. Mannen vart to gonger i fjor stoppa som bilførar, sjølv om han ikkje hadde førarkort. Ved første høvet køyrde han også for fort i 60-sona. Mannen har godteke bota for brot på vegtrafikklova.