Hopp til innhold

Kongsvinger vann 2-1 over Sogndal

Kongsvinger stakk av med sigeren då dei møtte Sogndal til treningskamp på La Manga laurdag ettermiddag. Kampen enda 2-1 til Kongsvinger.

Kongsvinger skåra først, og gjekk opp til 2-0 leiing før Sogndal reduserte til 2-1 med Ulrik Flo.

Kongsvinger som rauk ut av eliteserien i fjor kan seie seg nøgde med kampen, meda opprykkslaget Sogndal har mykje å jobbe med.