- Monumentet av kong Olav får ein flott plass ut mot havet. Det blir ein fin stad for kongen, seier Knut Steen til VG.
Skulpturen vert sett av mange
Steen seier han er godt nøgd med at kongemonumentet vert liggjande ved innseglinga til Sognefjorden, slik at det vil verte sett av mange.
Skjerjehamn konkurrerte med Marstein fyr om å få den omstridde skulpturen. Men valet fall på Gulen fordi Steen meiner skulpturen ville blitt for liten i omgjevnadene ved fyrtårnet ved innseglinga til Hardangerfjorden.
Var redd handa skulle blåse bort
Dotter til kunstnaren, Heidi Steen, som også var med på synfaringa sist veke, forklarar her kvifor faren valde Gulen framfor Marstein i Hordaland.
- Skulpturen var altfor liten for Marstein fyr. Det er veldig dramatiske omgjevnader og tøft der. Han var og redd for at handa skulle blåse bort. I Gulen er det veldig vakkert og eit mykje meir harmonisk landskap. I tillegg har Ola Braanaas eit veldig flott prosjekt her.
- Ein konge verdig
Og fiskeoppdrettar Ola Braanaas er naturleg nok godt nøgd med avgjerda til Steen.
- Dette er kjempeflott og veldig gledeleg. Eg er veldig glad for at Knut Steen likte seg i Skjerjehamn og at han bestemte seg for at Olav-statuen skal stå her. Dette er jo ei flott plassering. Det var jo i Gulen kommune at Gulatinget ein gong var. Det var jo her det norske samfunnet gjekk inn i sivilisasjonen gjennom gulatingslovene for nærmare tusen år sidan. Difor er det ein konge verdig å stå her ute, seier Braanaas til NRK Sogn og Fjordane.
Etter planen skal statuen avdukast 4. august i år.
Skal verte kunstsenter
Det Braanaas som eig Skjerjehamn og som no altså får kjøpe statuen som Oslo kommune ikkje ville ha på Rådhusplassen. Prislappen er på to millionar kroner.
- Skjerjehamn er ein gammal handelsstad. Vi held no på å utvikle staden som både skal serve båtfolket og skape aktivitetar som kunstgalleri og eventuelt ateliè for kunstnarar, samt eit lite hotell og andre aktivitetar, seier Braanaas til avisa.
Pangstart for Braanaas
Han legg ikkje skjul på at all merksemda kring statuen har mykje å seie for planane hans.
- Statuen er kjempeviktig for utviklinga av Skjerjehamn. Det nok det mest kjende monoumentet i Norge for tida på grunn av historia bak den. Den er med på å trekke folk sitt blikk mot Skjerjehamn, og det er gull verdt for drifta og utviklinga av staden som eit kunst- og kultursentrum, seier han til NRK.