Det var i ei arbeidsrettssak i januar i år at leiinga ved verdsgymnaset sto anklaga av den spanske lærarinna Conseption Allende Urbieta fordi ho hadde følt seg mobba og pressa bort frå skulen. Urbieta hevda også at det var sterke interne konflikter mellom leiing og tilsette ved skulen, som for henne gjorde arbeidsmiljøet uuthaldeleg. Styreleiar Bjørn Rønneberg sa i samband med rettssaka at han ikkje kjende seg att i Urbieta si skildring.
Ryggdolkande
I eit internt notat NRK har fått i hende, og som er sendt frå dåverande rektor Anna Garner til styret ved UWC i mars i fjor, skriv rektoren at ho ville seie opp stillinga si som følgje av det ho i brevet kallar ryggdolkande, manipulerande og autokratiske element. Ho skriv også at styreleiaren, Bjørn Rønneberg, hadde uttrykt manglande tiltru til hennar leiarmetodar, og at ho dessutan mangla støtte frå staben.
Dette brevet tyder på at arbeidsmiljøet ved skulen slett ikkje var konfliktfritt, tvert om.
Vil ikkje kommentere
Styreleiar Bjørn Rønneberg seier i dag at han ikkje er interessert i å kommentere denne saka på radio, og viser elles til at saka er anka, og at han vil forhalde seg til det.