Hopp til innhold

Kommunetoppar vert resepsjonistar

Streikande servicearbeidarar gjer at kommunetoppane må ta nye oppgåver.

Ingvar Laberg

Rådmann i Årdal, Ingvar Laberg

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Me vert stadig utfordra på arbeidsoppgåver me vanlegvis ikkje handterar. Det vera seg alt frå resepsjonen, postmottak og andre merkantile oppgåver. Rådmann Ingvar laberg tek dei fleste telefonane, seier kommunalsjef i Årdal, Svein Arve Grindhaug.

Ingen vaskar på skular og barnehagar

I Årdal er 137 kommunetilsette ute i streik frå i dag. Det er omlag fjerdeparten av alle som jobbar i kommunen - og sjølv om kommunetoppane strevar med nye og uvante gjeremål, er det andre som får det langt verre.

- Me sit att med eit fåtal reinhaldarar, og dei vert prioriterte inn på sjukeheimane. Det gjer at skular og barnehagar ikkje vert reingjorte, og må stengjast i løpet av svært få dagar av hygieniske årsaker, seier Grindhaug.

- Du tek telefonen, men kjem ikkje til å ta i vaskebøtta?

- Det går vel ei grense her. For reinhaldar er ein profesjon, og skal me ta slike oppgåver, er det å betrakta som streikebryteri.