Kjem Microsoft til gruvene på Eid?

Dei store olivingruvene på Lefdal i Eid kan bli eit stort senter for datalagring.

Windows
Foto: Stig Morten Waage / NRK

– Vi ynskjer å få tak i midlar slik at vi kan utrede gruva på Lefdal som eit potensielt nytt datasenter, der vi bruker kjøleteknologien vår som ein av nøkkelfaktorane for å sikre ei miljøvennleg drift, seier dagleg leiar i selskapet Local Host i Måløy, Sindre H. Kvalheim.

Dei store olivingruvene på Lefdal kan dermed bli ein stor sentral for datalagring, med selskap som Google og Microsoft på kundelista.

Facebook

Datamengda i verda aukar dramatisk, og i følgje ei undersøking av IKT Norge i Aftenposten i går, blir den samla datamassen i verda dobla kvar 18 månad.

– Vi vil difor setje i gong ei utredning for å sjå på moglegheitane til å nytte denne gruva til slik aktivitet, fortel Kvalheim.

Nye datadirektiv og sterk framvekst av sosiale nettverk som mellom anna Facebook er viktige årsaker til dataauken.

Positiv

– Vi er veldig positive til planane, seier Benedicte Fasmer Waaler ved IKT Norge.

Ho trekk fram selskapet Local Host som et eksempel til etterfølging.

– Dei har utvikla ein eigen kjøleteknologi som bruker veldig lite energi. Og dette er ein avgjerande faktor, då halvparten av den totale energibruken på eit tradisjonelt datasenter gjerne går med på å kjøle ned dei store maskinene, fortel ho.

– Men er det realistisk at selskap som Microsoft legg eit av desse store sentera sine til Lefdal i Sogn og Fjordane?

– Ja, meiner Waaler.