Hopp til innhold

Kattar plagar bustadfelt

Villkattar skaper igjen problem på Leite i Leikanger. Den siste tida har nemleg talet på kattar i området auka kraftig.

Katt.
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Leiar i grendalaget Eplehagen Vel, Jan Tore Thue, trur problemet berre vil auke dersom noko ikkje vert gjort.

- Då eg var ute sist laurdag talde eg 12 kattar. Ein del av desse bar preg av at dei ikkje har ein heim. Vi reknar og med at dei snart får ungar, så det vert vel talet endå større.

Katt i bur.
Foto: NRK

Problem også tidlegare

Dei ville kattane har fleire gangar vore eit problem i bustadfeltet. For nesten nøyaktig eitt år sidan starta ei omfattande kattejakt i same område. No er problema på veg til å nå ein ny topp.

- Kattane trekkjer opp til husa for å gjere frå seg. I tillegg tek dei seg til rette i garasjane. Det er ikkje noko kjekt. Dette er ei plage som vi gjerne vil verte kvitt, seier Thue. 

Han trur årsaka til at kattane kjem akkurat i dette området er at folk er for flinke til å stelle med dyra.

- Då er det naturleg at dei held seg i nærleiken, der dei har sjansar for å få mat.  

Har sendt brev til kommunen

No har han sendt eit brev til kommunen der han håper dei kan bidra med hjelp for å få vekk kattane. 

- Om kattane vert avliva eller omplasserte, kan eg ikkje seie noko om. Men det som er viktig for meg er å få stoppa utviklinga, spesielt når dei no kanskje er drektige.