Dalsfjordbrua er nemleg ein avgjerande del av samanslåingsplanene, og tidlegare signal frå regjeringa har vore positive, seier Mowatt.
På eit møte mellom tre HAFS-ordførarar, samferdsleministeren og kommunalministeren i april i år, signaliserte begge statsrådane at det var interessant å sjå bruprosjektet i samanheng med kommunesamanslåinga.
Det ville bety framskunding av brusprosjektet som fylket har prioritert med byggestart kring 2010. I går nærmast avviste samferdsleminister Torild Skogsholm problemstillinga.
-Vi må jo vite om ein lokalt ønsker ei slik kommunesamanslåing, og at det må vere ein prosess i forhold til det, seier Skogsholm.