Hopp til innhold

Kan bli ein veldig bra moltesesong

No kan ein finne store fine molter rundt om kring i fylket. Oppsynsmann i Luster kommune, Einar Fortun seier at det ser ut til å bli den beste moltesesongen på lenge.

Uvanlig multesesong i nord

KANSKJE DEN BESTE MOLTESESONGEN PÅ LENGE: I år er det mykje molter på myrane seier oppsynsmann i Luster, Einar Fortun.

Foto: Liv Inger Somby

– Den ser særs bra ut for sesongen i år, eg har vore mykje ute og gått, og det er mykje og store multer, seier Fortun nøgd.

I fjor var sesongen generelt dårleg fleire stader i fylket, men oppsynsmannen seier at moltesesongen i år kan bli den beste i fylket på lenge. Dette skuldast mellom anna ein varmare vår enn i fjor.

Ser store og fine ut

– På dei myrane det brukar å vere mykje molter er det mykje, og dei ser store og fine ut, fortel Fortun.

Han seier at moltene er best i myrane som ligg litt lågt nede mot skogkanten. Høgare opp er dei litt mindre, men Fortun trur at også desse vil modnast innan ei veke eller to.

Og no kan sesongen bli framskunda på grunn av det varmen som har vore dei siste vekene.

Oppfordrar folk til å vente

For at det skal bli ein god moltesesong er det avgjerande at det ikkje blir frost i blomstringsperioden, men det blir det ofte i myrane i skogane.

I år ser det altså ut til at det ikkje har vore mykje frost i skogane.

Fortun seier at det framleis er alt for tidleg å plukke moltene no, og meiner at folk må vente til dei er modne.

– Det er nok til alle, så det er berre å ta det med ro, seier oppsynsmannen.