NRK Meny
Normal

Jul i Movika - 4. desember

Deilige smultringar skjuler seg bak luke 4. Sjå videoen og bli med på konkurransen.

Jul i Movika - 4. desember. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

LUKE 4: Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad byr på mange lærerike og spennande oppgåver i førjulstida. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

Kokk Steinar Lindstrøm og programleiar Gro Ravnestad tek turen til Sunnfjord Museum i Movika for skape ekte førjulsstemning. Den gamle Huus-stova blir pynta med juleraudt, blomster og lys, og i den gamle vedomnen er det god varme.

Få tips og råd

Nemn to andre julekaker vi kan steike i smolt

Med seg har dei råvarer som skal bli til tradisjonell julemat. Det blir gode mattips og historier rundt julematen og juletradisjonane. Det er også det spørsmåla våre skal handle om.

Kvar dag i desember fram til julaftan gjev Steinar og Gro deg ei ny oppgåve du kan bryne deg på. Øvst på sida finn du video med dagens oppgåve.

Fine premiar

Kvar dag blir det trekt ein vinnar som får eit NRK-krus med julesnop. Hovudpremien trekkjer vi mellom alle som har svart i løpet av adventstida.

Premien er eit besøk av sjølvaste Lindstrøm og Ravnestad som kjem heim til den heldige og lagar eit betre måltid!

Veit du svaret? Send inn:

Du kan også sende inn svaret til konkurranse.sfj@nrk.no.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser