Hopp til innhold

Jublar over norgesmeistertittel

Sogn og Fjordane sitt U16-jentelag i volleyball vart i dag noregsmeistrar.

Norgesmeister i Volleyball

SIGERSBRØL: Desse jentene kunne juble over å vere landets beste i volleyball i dag.

Foto: Bodil Ness Bauge

– Jentene har spelt heilt suverent og ikkje tapt ein einaste kamp heile helga, seier regionsleiar i NVBF Sogn og Fjordane, Terje Vallestad etter dagens siger i hovudstaden.

Regionlaget i volleyball til Sogn og Fjordane gjorde det bra både på jente- og gutesida.

Gutane tapte dessverre semifinalen mot Øst og kom til bronsefinalen.

– Der drog dei det i land etter ein litt rufsete semifinale og tok bronsen.

Jente gjorde reint bord i finalen og sikre seg ein grei siger i første settet.

– Ein fantastisk start av finalen mot Nord. Men andre settet vart ein svært bra kamp, mykje bra serving og begge laga var med å pressa. I tredje settet sit alt hjå jentene og dei tek ein komfortabel siger. Så no er det full jubel her, seier Vallestad.

Finalen U16-jenter:

  • Sogn og Fjordane–Nord: 2–1 (25-14, 15-25, 15-5)

Bronsefinalen U16-gutar:

  • Sogn og Fjordane–Hordaland: 2–1 (20-25, 25-11, 15-13)