Hopp til innhold

Jublar for grønt sertifikat

Sverige og Norge har skrive under på ein avtale som skal fremje produksjon av miljøvenleg energi.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete er nøgd med at Norge og Sverige har signert avtale som fremjar produksjon av miljøvennleg energi.

Foto: Stian Lysberg Solum / Scanpix

Ordninga "grønt sertifikat" inneber subsidiering av nye prosjekt for fornybar energi som vasskraft, vindkraft og biokraft frå 2012.

- Eit gjennombrot

Ei svært nøgd Liv Signe Navarsete, leiar i Senterpartiet, er nøgd med at ein hektisk sommar og haust, for olje- og energiminister Terje Riis Johansen (Sp), har ført fram.

- Det er eit gjennombrot, og eit lenge etterlengta gjennombrot, spesielt for dei som har prosjekt liggande, som det har vore jobba lenge med, men som ikkje har vore lønnsamt å byggje ut per i dag, seier Navarsete.

Forbrukaren må betale

Men det er forbrukarane som vil få rekninga. Kor mykje dyrare straumen vil bli, er uvisst.

- Det vil variere med kva kraftprisen totaltsett vil bli, og det vil variere med tilgangen på kraft. Det er veldig mange usikre faktorar i det bilete, seier Navarsete.

Dobla inntekt

For utbyggjarane av til dømes eit mikrokraftverk, kan det derimot vere skilnaden på utbygging eller ikkje.

- Dersom ein i dag byggjer ut, og seier at straumprisen er 34 øre og ein får sertifikatpris på 20 øre, så vil råma som ein då får på inntekt vere 54 øre istaden for 34 øre. Det betyr ganske mykje i høve å vurdere kva prosjekt som kan vere lønnsame å byggje ut og kva inntekter det vil gje i framtida, seier senterpartileiaren.