Årsaka er at jærlaget Varhaug brukte ein ulovleg spelar i siste seiekampen mot Sola, skriv nettstaden Årdalsportalen. Varhaug vann serien med same poengsummen som Jotun. Jotun har no protestert, og domsutvalet i handballforbundet kunngjer si avgjerd onsdag ettermiddag.
Kvalifiseringskampane startar fredag på Toten, så Jotun har kort tid på seg dersom domsutvalet tek frå Varhaug to poeng. Men trenar Stig Jøsendal seier dei skal takle det.