EI EKSTRA NATT: Om morgonen dag fire fann turleiarane ut at vêret var for dårleg til å ta seg vidare. Her ser ein korleis dei har bygd opp leveggar for vinden.
START: Turen starta nede i Jostedalen, her har turfølgjet akkurat gått av bussen.
FØRSTE NATT: Den første natta slo turgjengen leir nede i Jostedalen, i området ved Fåbergstølen.
DAG TO: Dag to startar nede ved Fåbergstølen, og går vidare oppover Fåbergstølsbreen.
FLOTTE FORHOLD: Turgjengen på veg oppover mot Jostedalsbreen, her går dei opp langs Fåbergstølsbreen.
IDYLL: Det var ingenting å seie på forholda den andre dagen, då turen gjekk opp langs Fåbergstølsbreen.
KVITE LEGGAR: Turleiar Kjell Kleiven fortel at enkelte nytta høve til å sole leggane på veg oppover mot breen.
PAUSE: Her har turfølgjet teke ein liten pause på veg oppover Fåbergstølsbreen. På biletet ser du Jostedalen i bakgrunnen.
1350 METER: Her har gjengen teke seg ein matpause på vel 1350 meters høgde på veg oppover Fåbergstølsbreen.
BLÅ HIMMEL: Her er turfølgjet på veg oppover i strålande flott vêr.
SOL: Det var nok mange som fekk seg minne for livet når dei gjekk i slikt fint vêr innover breen mot Brenibba.
FØRSTE NATT PÅ BREEN: Her har turfølgjet slått leir for si første natt på breen. Teltleiren ligg under Brenibba på vel 1800 meters høgde.
GODT NØGD: Ein av dei vel 30 i turfølgjet er godt nøgd med tingas tilstand.
KLARE FOR NY ETAPPE: Frå teltleiren under Brenibba skulle turfølgjet gå vidare til Høgste Breakulen og Ramnane.
MOT HØGSTE BREAKULEN: Den tredje dagen vart vêret litt dårlegare, og i skodde og dårleg sikt gjekk turfølgjet mot Høgste Breakulen og Ramnane.
DÅRLEG SIKT: Det var ikkje mykje vi såg i skodda, fortel turleiar Kjell Kleiven. Biletet er teke i området rundt Høgste Breakulen.
1957 MOH: Høgste Breakulen ligg 1957 meter over havet, og i dette området måtte turfølgjet takle mykje skodde og dårleg sikt.
LEIR: Om kvelden dag tre slo turfølgjet leir ved Ramnane som ligg 1844 meter over havet. Denne kvelden vart vêret ganske dårleg.
KLARE FOR DAG 5: Om morgonen dag fem pakka turfølgjet saman teltleiren ved Ramnane og sette kursen for Bings Gryte, Supphellebreen og Flatbreen.
GODVÊRET TILBAKE: Den femte dagen på turen, søndag, var det flotte vêret tilbake. Her på veg frå Ramnane mot Bings Gryte.
MOT BINGS GRYTE: Dag fem går turen frå teltleiren ved Ramnane mot Bings Gryte.
BINGS GRYTE: Er ei ganske spesiell vindhole midt på breen og det er obligatorisk med ein stopp her.
FENOMEN: Det spesielle fenomenet blir teke nærare i augesyn.
SUPPHELLEBREEN: Siste etappe, her på veg fram mot Supphellenipa og Supphellebreen.
ALLE 30: Her er alle 30 oppstilte for 'lagfoto'. Turleiar Kjell Kleiven har stabla opp kameraet på sekken sin, og med sjølvutløysarfunksjonen sikrar han seg eit bilete med alle, også han sjølv.
MOT FLATBREHYTTA: Turen nærmar seg slutten, her på veg nedover Flatbreen mot Flatbrehytta.
SISTE RAST: Ein siste rast ved Flatbrehytta før turen går i bratt terreng ned mot Øygard, der turen starta.