Hopp til innhold

Jølster klar for 3. divisjon

Seks år etter at dei rykte ned frå 3. divisjon, er Jølster attende i fylkes øvste divisjon.

Trond Vegard Ripe (nummer to frå venstre) scora to mål for Jølster i den avgjerande kampen.

Nøgde Jølster-spelarar konstaterer at opprykket er i boks.

Foto: Årdal FK

- No er vi veldig letta. Dette har vore målsetninga heile sesongen og no er vi der, jublar assistentrenar for Jølster, Oddvar Årdal etter at Jølster vann 5-4 over Årdal 2 og sikra seg opprykk til 3. divisjon.

Jølster vann - Dale tapte

Det var ikkje berre nedrykksstriden i 3. divisjon som vart både målrikt og dramatisk søndag. For både Jølster og Dale stod før siste runde begge med 45 poeng og kjempa om den siste opprykksplassen bak Vik.

Dale med langt betre målskilnad enn Jølster. Den siste veka før kampen har vore prega av mykje bråk kring Jølster etter at dei tilbydde seg å betale for at Saga fekk henta heim keeperen sin .

Åtte utan tap

I den avgjerande kampen sigra til slutt jølstringane 5-4 over Årdal 2, medan Dale tapte 1-3 for Saga. Jølster var sist i 3. divisjon i 2002 då dei vart tabelljumbo med seks poeng. Dei har sidan vore nede i 5. divisjon. Dale rykte ned frå 3. divisjon i fjor.

- Vi har lagt stein for stein og vore tålmodige. Det er mange som skal ha ros for at vi har klart dette. Vi har gått åtte kampar på rad utan tap og mot Årdal 2 leiar vi heile vegen, men slepp dei attende i kampen. Dette er sterkt av eit så ungt mannskap, meiner Årdal.

Åmot dagens helt

Måla til Jølster vart scora av Ole Martin Eide, Johan Guddal Sunde, Trond Vegar Ripe (2) og Kåre Åmot. Kjartan Smedegård, Brede Stedje Ylvisåker (2) og Daniel Eide scora for årdølene. Det stod 3-2 til Jølster ved pause.

I Førde gav Bjarte Norevik og Odd anders Vie Saga 2-0 før Geir Harald Langeland reduserte frå straffemerket ni minutt før slutt. Torbjørn Sunde fastsette resultatet til 3-1 for heimelaget.