Etter gårsdagens ulukke i Jølster der tre personar mista livet, oppmodar han no alle bønder om å bruke vifte i siloen. Sjølv klarte han å redde livet til dottera si, berre få minutt før ho vart kvelt av dei giftige gassane.
I følge Nationen har 18 nordmenn omkomme i tårnsiloar sidan 1984. Og fagsjef Halvor Langåsdalen i landbruket si teneste for helse, miljø og tryggleik meiner difor at eit forbod mot å bygge nye tårnsiloar i landbruket bør vurderast. Alternativet er plansiloar eller rundballar.
Gardbrukar Halvor Oppedal i Gulen ber no om at bøndene uansett tek gassfaren på alvor og bruker vifter og lukker dørene til siloen.