NRK Meny

Jente skadd etter hundebitt

Ei jente på sju år fekk mindre skadar etter at ein hund beit ho. Ein halvt år gamal hund kom seg ut av ein hage i Krokane i Florø, og beit to jenter under leik. Den eine jenta, også ho sju år, kom uskadd frå hendinga. Hundeeigaren har fått pålegg om å sikre hunden betre. Dei to borna sine føresette har førebels ikkje bestemt seg for om saka blir politimeld.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote