Jacob Nødseth vart kasta som leiar

Etter ein fleire timar lang debatt er det klart – Jacob Nødseth får ikkje halde fram som leiar av helse- og sosialutvalet i Flora. – Eg beklagar det sterkt, seier Høgre-politikaren om utfallet.

Jacob Nødseth

BLIR KASTA: Jacob Nødseth får ikkje halde fram som leiar av helse- og sosialutvalet i Flora kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Den unge politikaren har i bystyret i dag kjempa for si politiske karriere, men det gjekk ikkje vegen for han.

Sterke krefter har ønskt å kaste 25-åringen som leiar i helse- og sosialutvalet, og fleirtalet i bystyret dag gjekk i dag inn for å oppløyse heile utvalet.

Alle medlemmane er blitt fristilte, og det er formannskapet som er ansvarlege for helse- og sosialsakene i tida framover, ifølgje Firdaposten sin liveblogg.

Skal ha trakassert tilsette

Striden rundt Nødseth kom som følgje av ei sak der han som utvalsleiar kalla inn eit ekstraordinært om behandlingstilbodet til ein multihandikappa gut på 18-år. Familien har følt at dei har kjempa mot kommunen i ti år, og at det berre er Nødseth som har teke saka på alvor.

Medan administrasjonen sa tvert nei, gjekk utvalet inn for å gje guten eit privat omsorgstilbod. Dette vart seinare stadfesta av bystyret.

I samband med denne saka skal fleire kommunalt tilsette ha følt seg dårleg behandla av Nødseth. I sakspapira til bystyremøtet i dag kom det fram at det har vore svært vanskelege arbeidsforhold for dei administrativt tilsette i kommunen.

Verneombod og tillitsvald skulda Nødseth for å ha instruert kommunalt tilsette utover sine fullmakter, og for å ha kome med truslar ovanfor kommunalt tilsette, går det fram av sakspapira.

Gruppeleiar i Høgre, Hanne Husebø Kristensen, sa før møte at det var med bakgrunn i desse alvorlege skuldingane at partiet hennar ønskte å fjerne Nødseth som utvalsleiar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseth og Høgre sin gruppeleiar i Flora bystyre, Hanne Husebø Kristensen

MÅTTE GÅ: Jacob Nødseth og resten av helse- og sosialutvalet vart i dag oppløyst og Nødseth kasta som leiar. Hanne Husebø Kristensen, gruppeleiar i Høgre, hadde sjølv teke initiativ til møtet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg beklagar det sterkt

Etter møtet seier Jacob Nødseth at det er mange tankar han gjer seg om det som har gått føre seg. Det han er mest oppteken av er det han skildrar som ein uvilje til å la politikarane gjere jobben sin.

– Uviljen til at politikrane skal styre kommunen, og at administrasjonen skal styre den utan innblanding frå brysomme politikarar, er så stor at ein faktisk har valt å leggje ned det utvalet som har vore mest tydelege i styringa av dei viktigaste sektoren i kommunen.

– Eg beklagar det sterkt, seier han.

Han er svært skuffa over sitt eige parti.

– Det Høgre som i Flora lovde eit nytt mannskap og ei kursendring med tanke på korleis vi skal styre kommunen vidare. Det har ikkje vist seg verdig tilliten, seier Nødseth til NRK.no.

– Arr i sjela

Gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen, legg ikkje skjul på at dette har vore ei vanskeleg sak for partiet. Ho er glad for at det var eit stort fleirtal, 30 mot seks stemmer, som gjekk inn for å løyse opp utvalet og kaste Nødseth som leiar.

– Eg er glad for at utfallet kom med eit så stort fleirtal. Det gir oss arbeidsrom og arbeidsro framover for å kome i mål med å få eit nytt utval, der administrasjonen og leiinga i utvalet fungerer saman. Den er viktig, seier ho.

– Korleis skal det bli fred i Flora-politikken?

– Akkurat no kan eg ikkje svare på det. Ei slik sak set arr i sjela hos mange. Men dette må vi jobbe oss gjennom alle saman og vi må vere konstruktive, seier Husebø Kristensen.

– Ville aldri ta Nødseth

Høgre gjekk i denne saka altså inn for å kaste sin eigen utvalsleiar. Gruppeleiaren seier det har vore viktig å skilje sak frå person, men at det i ei slik sak er veldig vanskeleg. Då ho heldt innlegg under debatten var ho tydeleg prega.

– Det var veldig tungt og vanskeleg, ja, seier ho.

– Det er vanskeleg å skilje på sak og person, for alle. Og som eg sa i mitt innlegg, så har eg aldri hatt som agenda å skade verken Jacob Nødseth eller nokon andre.

– Det er vanskeleg å ta tak i ei slik sak utan at det blir framstilt på den måten, og eg oppfatta det som svært tyngjande. Men det er min jobb å sørge for at vi har eit arbeidsmiljø i politikken som fungerer, også i forhold til administrasjonen.