Ingen vil betale for Bipper

Verdslanseringa av appen bipper har vore ein katastrofe for Florø-kvinna Silje Vallestad. Ingen vil betale for Bipper si alarmteneste, skriv Finansavisen. Vallestad har vunne fleire prisar for si gründerverksemd, men har sett aksjen gå ned 99,6 prosent. Prisen på selskapet har gått frå 100 millionar til 345.000 kroner.