Hopp til innhold

Ingen kontrollerer pengeinnsamlarar

Staten bør ta grep og gje nokon ansvaret for å kontrollere falske pengeinnsamlarar. Det meiner lotteridirektør Atle Hamar. I Sogn og Fjordane har det vore fleire falske pengeinnsamlingar den siste månaden.

The Helping Hand

Organisasjonen Helping Hand har samla inn pengar til ambulansar, men mykje tyder på at innsamlarane stikk pengane i eiga lomme.

Foto: Hanne Stedje, Sogn Avis / ¥ andre...

Atle Hamar

Atle Hamar i Lotteritilsynet vil ha statleg kontroll av pengeinnsamlingar.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Dei kan halde på, for det er ingen som fører kontroll med dei, fortel Hamar.

- Det eksisterer ikkje statleg tilsyn og kontroll med pengeinnsamlarar her til lands utover den kontrollen dei største innsamlingsorganisasjonane har organisert. Men det er jo ikkje dei som er problemet. Det er jo andre som gjer innsamlingar i rein privat regi og til rein privat inntekt som eigentleg ikkje er lov og som utnyttar systemet.

- Er dette noko du kjem med fordi du kunne tenke deg fleire oppgåver i Lotteritilsynet?

- Nei, denne oppgåva i seg sjølv er ikkje ei stor tilleggsoppgåve. Det er meir det at eg ser at dette blir utnytta av folk som ikkje representerer eit verdig innsamlingsføremål, seier Hamar.

Fleire svindelforsøk

Berre i Sogn og Fjordane har det vore fleire svindelforsøk den siste månaden. To personar har reist rundt i uniformar med ein ambulansebil under namnet Helping Hand. Og tre rumenarar og ein svenske hevda dei representerte Scandic Hjelpa i Sogndal.

- Dette er ein fiktiv organisasjon. Innsamlinga er berre tull og dei puttar pengane i eiga lomme, sa lensmannsbetjent Kristin Sønnesyn då. Butikksjef Anita Elvetun i blomsterbutikken i Førde fekk også besøk av rumenarar.

- Eg såg ho hadde eit lite kort på seg og ei innsamlingsbøsse som likna veldig på ei skikkeleg ei, så det er lett å late seg lure, seier ho.

Men Hamar trur ikkje problemet forsvinn sjølv om ein får eit tilsyn.

- Men det kunne i alle fall vere lettare å halde oversikt over kven som har rett til å halde ei innsamling og kven som ikkje har det, seier han.