Hopp til innhold

Ikkje supporterbuss til Drammen

Førde IL Fotball prøvde å sette opp ein buss for dei supporterane som ville fylgje opprykkskampen mot Birkebeineren laurdag.

Førde fotball

Førde-benken får ikkje særleg mange supporterar i ryggen på bortekampen mot Birkebeineren.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Men interessa for å vere med bussen var ikkje stor nok, fortel Per Øyvind Storevik.

Måtte ha 40 påmelde

Det måtte ha vore 40 påmelde for at det skulle bli sett opp eigen supporterbuss.

– Det ringde folk etter at vi hadde avbestilt bussen for å høyre korleis det låg an, men då måtte vi berre seie at det ikkje vart noko av det fordi dei ikkje hadde meldt seg på, seier Storevik.

Kampstart klokka 16

Kvalifiseringskampen mot Birkebeineren nord for Drammen startar klokka 16 laurdag. På nettsida til NRK Sogn og Fjordane vil vi halde deg oppdatert på utviklinga i kampen.

Returkampen i Førde går laurdag 24. oktober.