Saka der ein butikkeigar i Sogndal leverte både ein naskar og bevismateriale til politiet, og vart avvist, kom opp i Stortinget i dag, som eit spørsmål frå Arbeidarparti-representanten Ranveig Frøiland. Ho lurte på om det var rett av politiet å reagere slik dei gjorde.
Dørum gjekk gjennom det som hadde skjedd i saka, og gav politiet si fulle støtte. Heller ikkje Ranveig Frøiland, som reiste spørsmålet, hadde merknader til Dørum sitt svar.