Hopp til innhold

I dag jublar alle i Eid

I dag går flagga til topps og Eid er i lukkerus etter at Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) gjekk av med sigeren i MGPjr.

Jubel i Eid

JUBLAR: Fv. Kanutte, Olav, Abraham Raftevold Haugen og Thomas Denton (th.)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg såg på MGPjr i går kveld, og eg tykkjer det er flott at nokon endeleg syng om Vestlandet, seier Abraham Raftevold Haugen.

11-åringen frå Eid er ikkje den einaste som likte songen til Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) . Dei to Nordfjordjentene rørte i går heile landet med sin hyllest til Vestlandet.

– Eg likar at dei syng om Vestlandet og alle dei som bur her, seier Abraham. Han er stolt over at to av jentene som går på same skule som i går kveld gjekk av med sigeren i MGPjr.

Tårevått

RØRTE TIL TÅRER: Tårene strøymde både i salen og på scena då nordfjordjentene fekk MGPjr-troféet.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Åtte år gamle Kanutte Raftevold Haugen tykkjer det er spanande å ha ei songstjerne på skulen der ho går.

– Når dei kjem heim, så skal eg fortelje at eg såg på finalen. Mamma stemte masse i går, sikkert for 40 pengar seier Kanutte.

Seks år gamle Thomas Denton gler seg til å kunne gratulere dei to songstjernene når det kjem heim.

– Eg likte best songen om Vestlandet, fordi den var fin, seier Thomas.

Flaggar for MGPjr -jentene i Eid

FLAGGET TIL TOPPS: På kommunehuset heiste dei sundag flagget i pur glede over MGPjr-sigeren.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Måndag skal vinnarane feirast i operahuset på Nordfjordeid.

– Vi inviterer til ope hus i Operahuset Nordfjord klokka 18 måndag ettermiddag for å feire Anna og Vilde. Det er nærast eit folkekrav frå alle i Eid no, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo.