I beredskap for å ta ulv

Eit mannskap på fleire hundre står klare til å rykke ut viss det blir gjort observasjonar av ulv, skriv Firda. Fylkesmannen har gjeve fellingsløyve etter at ein bonde i Hyllestad fann ein av sauane sine drepen av ulv. Men fellingsløyvet går snart ut, og då er det viktig at folk melder frå viss dei ser ulv, seier skadefellingsleiar Stein Mortensbakke.

Sau tatt av ulv i Hyllestad
Foto: Sverre Sæten / Statens Naturoppsyn