Hopp til innhold

Husbrann på Endestad i Flora

Huset er totalskadd, fortel operasjonsleiar Odd Arve Solvåg.

Brann på Endestad

OVERTENT: Brannvesenet har hatt ei kontrollert nedbrenning av huset på Endestad.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Så langt har vi ingen opplysningar om at det skal vere folk i huset, fortel Solvåg.

Huset ligg ved Storebru, nærare bestemt Endestad. Naudetatane har vore ved brannen og hatt ei kontrollert nedbrenning av huset.

– Det er ingen fare for spreiing. Førebels veit vi ikkje noko om årsaka til brannen, seier Solvåg. Brannvesenet er glad for at brannen ikkje oppstod for eit par veker sida då det var mykje tørrare i området. Då kunne faren for spreiing vore betydeleg større.

Brann på Endestad
Foto: Truls Kleiven

Odd Arve Solvåg fortel at det vil ta litt tid før dei veit kvifor brannen har starta. Undersøkingar av åstedet vil starte i neste veke.

Brann endestad