Hopp til innhold

Hundrevis frå Eid samla til finalen

OSLO (NRK): I kveld brakar det laust for og Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) i Oslo Spektrum. Dei to jentene frå Nordfjordeid har med seg ein delegasjon på heile 350 fans frå heimstaden.

Heiagjengen er på plass i Oslo

HEIAGJENG. I kveld skal heiagjengen frå Eid rope høgt og stemme mykje.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

– Vi har gått mann av huse for å heie på jentene, seier ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

Saman med Bjørlo har ein fanskare på 350 familie, vener og kjente teke turen frå Vestlandet til Oslo denne helga. I kveld skal dei heie på dei lokale stjernene som har kome til den store MGPjr-finalen.

– Eg er her både som privatperson og ordførar i dag. Det er sjølvsagt stas å få gå med ordførarkjeda for å vise støtta mi, seier han.

Blant over 1300 påmeldte bidrag til MGPjr 2016, er nå 10 spente finalister klare for å bidra til et forrykende direktesendt show fra Oslo Spektrum. Programlederne, Ingrid Gjessing Linhave og Nicolay Ramm, skal sammen med finalistene lede oss igjennom festen foran et ellevilt publikum og hjem til seerne.

Her kan du følge finalen direkte frå klokka 19.55

For å samle den lokale fansen har dei vaksne oppretta ei lukka Facebook-gruppe for alle som hadde lyst å følge jentene til Oslo denne helga.

– Vi organiserte alt i ei lukka gruppe slik at vi kunne halde orden på alle desse fantastiske personane som ynskjer å vise si støtte. Det skulle berre mangle at vi reiste hit for vi er vanvittig stolte av jentene våre, fortel Bjørlo.

Ordføraren er spent

SPENT. Ordføraren er spent på kvelden og skal rope høgt frå salen.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ungdomsbandet Indigo Child spelar i pausen i kveld og ordføraren er stolt av ungdommen i kommunen.

– At både pausenummeret og ein av finalistane er frå Eid er heilt fantastisk. Det viser kor mykje talent som finnast i musikk- og kulturmiljøet vårt, seier han og viser fram t-skjorta med bilete av jentene på.

T-skjorter og hjarteplakatar

Magni Hjertenes Flyum har stått i bresjen for å bestille t-skjorter til alle som vil ha. På kveldstid har ho og ein gjeng ivrige tilhengjarar klipt ut hjarter med teksten VILDE OG ANNA på.

– Vi er enormt stolte av dei og det vil vi vise gjennom desse effektane vi har laga, seier Flyum.

T-skjortefabrikk

HJARTER. Magni Hjertenes Flyum har vore med å klipt hjarter på kveldstid til ære for jentene.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ho gler seg til å oppleve stemninga i Spektrum.

– Vi har fått eigen plass i salen og vi skal heie høgst av alle, seier ho.

Allereie førebilete

Både born, ungdom og vaksne har teke turen til hovudstaden og Ida Vingen Vedeld trur Vilde og Anna allereie har blitt førebilete for unge i lokalmiljøet.

– Det er utruleg at dei skal synge på ei så stor scene. Eg trur mange ser opp til dei fordi dei har kome så langt som dei har, smiler Vedeld.

Alle hjarter gler seg

GLER SEG. Mange kjente og vener frå skulen til Vilde og Anna gler seg til i kveld.

Foto: Kathrine Nygård / NRK

Ho har teke turen i lag med foreldre, syskjen og gode vener. Ho synest det er spennande å sjå så mange frå heimstaden i Oslo.

– Uansett kor eg snur meg så ser eg nokon frå Eid, det er heilt rart!

Ho oppfordrar alle til å ta opp mobilen og stemme på Vilde og Anna i kveld.

– Eg skal stemme til eg ikkje har meir pengar igjen på telefonen, avsluttar ho.