Det er no set opp kriserute med båt til og frå Høyanger, etter at elva Ulvåna har føret med seg mykje vatn og stein i vegbana noko som har ført til at Riksveg 55 er stengt ved Vadheim. Mesta seier til NRK sin reporter at det no er livsfarleg å ferdast langs vegane grunna mykje stein og grus som kjem ned frå fjellsidene. Riksvegen er òg stengt i Lånefjorden ved Kongsnes av ras.
Folk isolert - konsekvensar for Fundo og Hydro
Sidan vegen er stengt både i Vadheim og Lånefjorden er kring 4000 mennesker isolert og kjem seg verken til eller frå Høyanger.
Dette får konsekvensar for Fundo og Hydro sidan folk ikkje kjem seg på jobb.
Lang tid
- Slik det ser ut no kan det ta veldig lang tid før vegane vert opna. Her er veldig mykje vatn og stein i vegbana, rapporterer NRK-reportar Svein Ove Hansli frå Vadheim.