Hopp til innhold

Sogningar får prøve seg i hovudroller i ny kortfilm

Tina Rasmussen frå Årdal og Alexander Zwart frå Lærdal skal spele hovudrollene i den nye kortfilmen "Usynleg" som skal spelast inn i Sogndal. No vil dei ha deg med som statist.

Casting Usynleg

HOVUDROLLER: Tina Rasmussen frå Årdal og Alexander Zwart har fått hovudrollene i den nye kortfilmen som skal spelast inn i Sogndal.

Foto: arkiv

Sogndølen Daniel Volle står for manus og regi i filmen. I produksjonsteamet har han også med seg Einar Loftesnes frå Sogndal som produsent.

Dette er den første fullfinansierte kortfilmen til Volle, med profesjonell stab og betalte skodespelarar. Truleg får filmen premiere til hausten.

Handlar om gjenferd

Filmen handlar om gjenferdet «Rune» på jakt etter kjærleiken han hadde medan han levde, og «Helene» som er i djup sorg og ikkje kjem seg vidare etter tapet av «Rune». No har altså regissør Volle og produsent Loftesnes funne dei som skal spele hovudrollene.

– Tina Rasmussen er frå Årdal og eg gler meg til å sjå ho spele. Eg vonar ho vil kle rolla som "Helene" godt. Den mannlege hovudrolla er det Alexander Zwart som skal ha. Han er veslebror til meir kjende Harald Zwart, og er oppvaksen i Lærdal. Eg har stor tru på desse to i hovudrollene, seier Daniel Volle til NRK.

Treng statistar

Men no treng produksjonsteamet bak "Usynleg" også friviljuge statistar som kan få sine sekundar på film om dei stiller opp på åpen audition komande onsdag 2. mai i Sogndal kulturhus.

Daniel Volle

TEK GREP: Daniel Volle står bak den nye filmen 'Usynleg' som skal spelast inn i Sogndal og på Kaupanger neste veke.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi kjem til å trenge mellom 20 og 30 statistar. Vi ser føre oss å bruke folk frå kring 18 år og oppover til dette, og eg vonar mange stiller opp på audition, seier Volle og smiler.

Driv eige filmselskap

Filmen er delvis finansiert med offentleg støtte frå Vestnorsk Filmsenter og Fond for lyd og bilde. Dei ventar og svar på nokre andre søknader. I tillegg til har ein og sanka inn pengar gjennom såkalla "crowdfunding", eller kronerulling som det og kan kallast.. Totalbudsjettet for filmen er sett til om lag 650.000 kroner.

Daniel Volle driv i dag til vanleg eit eige filmselskap i Sogndal, der han i stor grad lever av å lage film for ulike organisasjonar og verksemder, samt at han produserer også til dømes musikkvideoar.