Fire lag frå fylket skal ut i cupspel i fotball onsdag kveld. Høyang får besøk av Sogndal, medan Stryn får besøk av formsterke Hødd. Jotun Årdalstangen er sett opp med bortekamp mot hordalandslaget Radøy Manger. For Høyang blir kampen på Sletta historisk, seier trenar Arvid Fristad.
Smått med seriepoeng
Etter ein kanllstart i serien med 6-1-siger over Sandane har det berre blitt eitt poeng på Høyang i dei tre siste seriekampane. I cupspelet derimot har laget frå industribygda slått ut både tabelltopp i tredjedivisjon, Fjøra, og seriefavoritt Førde.
Sogndal har ikkje vunne i Høyanger
Og sjølv om det er to divisjonar mellom heimelaget og gjestane frå Sogndal så har faktisk vertane statistikken på si side. For Sogndal har enno til gode å vinne i Høyanger. Og trenar Arvid Fristad meiner laget hans kanskje er flinkare til å mobilisere alt i ein slik vinn-eller-forsvinn-kamp enn i seriekampar. På den andre sida reknar han med at Sogndal etter 0-5 mot Bryne er innstilt på å vise at det er stor skilnad på 1. divisjon og 3. divisjon.