NRK Meny
Normal

Her vert bensintjuven teken på fersk gjerning

Tilsette la seg på hjul etter mannen, då han spant av garde utan å betale for seg. Men problemet med drivstofftjuveri ser ut til å vere minkande.

Bensintjuv ved Shell Fortun

STAKK FRÅ REKNINGA: Etter å ha fylt opp tanken hoppa han inn i bilen og køyrde i full fart.

Foto: Shell/overvakingskamera

Det skjer likevel jamleg, noko Shell Fortun i Sogn fekk oppleve laurdag.

– Bilen rygga fint inn til pumpa, og mannen tok seg veldig god tid til å fylle bensin. Så kom det ein ny kunde som skulle fylle, og då ser vi at fyren spring rundt bilen, hoppar inni og stikk av garde, fortel Jan Erik Veka, som er ein av dei som driv stasjonen.

Køyrde etter tjuven

Medan faren stod att på stasjonen, tok Veka saka i eigne hender.

– Eg la meg på hjul for å prøve å nå han att, men det var ikkje sjanse. Han køyrde så fort, og køyrde forbi fleire bilar. Vi ringde politiet også, men dei hadde ikkje kapasitet til å rykkje ut då, fortel Veka.

I tillegg kontakta han nokre folk eit stykke frå stasjonen, i håp om at dei kunne stoppe mannen. Det klarte dei ikkje.

Bensintjuveriet er ikkje unikt for stasjonen.

– Vi har hatt bensintjuveri tidlegare. Det var faktisk nokon som hadde stole ein bil oppe i Ålesund, som stakk av frå bensinfylling midt på sommaren ein gong. Dei stal bensin hos oss også.

Shell Fortun

FLEIRE BILTJUVERI: Shell Fortun i Luster kommune i Sogn, har fleire gonger opplevd at kundar fyller drivstoff utan å betale.

Foto: Jan Erik Veka

Mindre problem enn før

Trass i at drivstofftjuveri frå stasjonar skjer med jamne mellomrom, ser problemet ut til å vere mindre enn det var for nokre år tilbake.

– Då vart det meir fokus på problemet, og vi har installert overvakingskamera på å så å seie alle stasjonar vi har. På stort sett alle tankane vert det automatisk målt om det er svinn, og vi har spesiallåsar på dei, seier kommunikasjonssjef Sigrid Louise Philippart i Smart Fuel AS, som eig og driv Shell sitt stasjonsnettverk i Norge.

Shell trur slike tiltak har vore med på å redusere problemet.

Mange misforståingar

Sigrid Louise G. Philippart

KOMMUNIKASJONSSJEF: Sigrid Louise Philippart i Smart Fuel AS.

Foto: Shell/Pressefoto

Men sjølv om mange stel drivstoff bevisst, er det likevel mange misforståingar.

– Det hender til dømes at dersom det er to personar i ein bil, så trur den eine at den andre har betalt inne, medan den som er inne har trudd at den andre betalte ute, seier Philippart.

Tjuveriet på Shell Fortun blir politimeld måndag, men dei håpar tjuven melder seg sjølv.

– Vi veit kven han er, og eg håpar at han kan vere så grei og komme inn og gjere opp for seg, så skal ikkje vi gjere noko meir ut av det, seier Veka.

Vest Politidistrikt stadfestar at dei har fått meldinga om tjuveriet, og seier saka vil bli følgd opp måndag.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser