Hopp til innhold

Juletreet vart ståande på grunn av ei misforståing - no er det pynta til påske...

Folk i Sogndal har gjort store auga dei siste dagane. For midt på plassen framfor Sogndal kulturhus står framleis julegrana grøn og fin! Men no med påskepynt!

Tangerud og påsketreet

TOK I: Senterleiar Wilhelm Fredrik Tangerud slo på stortromma og bestilte 100 påskeegg og påskekyllingar til juletreet.

Foto: Oscar Andersen/NRK-tipsar

Men historia om julegrana, orsak, påskegrana, startar ikkje her. Vi må iallfall tilbake til 2013.

– Juletreet kom på plass i regi av oss på kulturhuset, fortel Dagfinn Rude Johannesen i Sogndal kulturhus.

Plassen framfor kulturhuset er eigd av Sogningen storsenter, men ligg som sagt framfor kulturhuset. Difor kunne det passe seg med litt samdrift for å få på plass eit juletre.

– Vi fiksa juletre, og så trudde vi at Sogningen storsenter skulle ta det ned, seier Johannesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kylling

STORE EGG: Det glinsar i både gull, sølv og vakre fargar på det noko utradisjonelle treet.

Foto: NRK-tipsar

– Hæh? Skal vi ta det ned?

Vel, slikt kan ein jo gå rundt og tru. Kalenderen synte januar, februar og mars, og grana stod der like godt. Vel og merke utan pynt.

For senterleiar ved Sogningen storsenter, Wilhelm Fredrik Tangerud, hadde ikkje heilt oppfatta avtalen slik.

– Vi fjerna lys og pynt, og trudde dei skulle fjerne treet, seier Tangerud.

Men grana heldt fram med å stå i beste velgåande framfor kulturhuset.

Men så kom svigermor på bana

Sogn Avis laga sak på grana i byrjinga av mars, utan at det gav treet bein å gå på. Og slik har no dagane gått. Heilt til Tangerud snakka med svigermor, Britt Marie Nordheim.

– Ho sa: No har treet stått så lenge, at no kan de like godt pynte det skikkeleg til påske. Då varer jula heilt til påske, ler Tangerud, som umiddelbart tende på ideen.

– Det er jo fantastisk, tenkte eg, fortel han.

Han snudde seg kjapt rundt og bestilte 100 påskeegg og påskekyllingar til utsmykking.

– Eg tenkte at dette måtte gjerast skikkeleg, seier Tangerud.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påskekuler

VEKKJER OPPSIKT: Mange har teke både ein og to rundar rundt treet for å ta pynten i augesyn.

Foto: NRK-tipsar

Må bli ein tradisjon

Og det vart det til gangs. No er juletreet, orsak, påsketreet, pynta etter alle kunstens, orsak, påskens reglar.

– No har vi sikkert Norges største påsketre utanfor senteret! Det er heilt genialt, seier Tangerud, som torsdag kveld skal få teke treet i augesyn sjølv.

Han har nemleg vore på heimevernsøving, og har vorte pepra med bilete av påsketreet frå alle vinklar.

– Det ser strålande ut. Dette er kjempegøy, og må bli ein tradisjon. Neste år skal vi kjøpe endå meir pynt! Her varer jula heilt til påske, ler Tangerud, som takkar den driftige gjengen ved storsenteret for god pynting.

(Artikkelen held fram under biletet)

Påsketreet

SPESIELT: – Eg trur vi har Norges største påsketre, kvitrar Wilhelm Fredrik Tangerud, som er senterleiar ved Sogningen storsenter.

Foto: NRK-tipsar

Folk tykkjer det er stor stas

– Dette har vi ledd mykje av, og ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, smiler Tangerud.

Men kva skjer med treet når påska er over? Blir det pinsetre?

– Då lovar eg at treet skal takast ned. Det skal vi fikse. Dette var ei misforståing frå byrjinga av, men eg tykkjer det utvikla seg veldig bra, seier Tangerud.

Og Johannesen har ikkje noko imot å ha påsketre utanfor inngangsdøra til kulturhuset.

– Folk tykkjer det er artig, og ser og tek bilete og smiler. Dette er stor stas. Treet ser ut til å ha det bra også. Kanskje vi bør gå for eit heilårstre, ler Johannesen.